Aktivitetar i BURG Møre og Romsdal
Her vil vi legge ut aktivitetar for 2012 etter kvart som dei vert klare.
11. og 12. februar 2012 arrangerte BURG Møre og Romsdal årsmøte og aktivitetssamling på Skaret. Etter at nokre måtte melde avbod grunna sjukdom vart vi likevel 31 små og store deltakarar. Kjekk helg med god informasjon av Lisbeth Hoggen Totland, helsesøster, om kosthald, tannhelse og søvn. Ein tankevekkar både for foreldre og born. Seinare kosa borna og nokre foreldre seg i snøen, vi åt vaflar og drakk kakao (gjekk rykte om at ungdomane også våga seg ut i snøen...). På kvelden vart det meir god mat, underhaldning, konkurransar og mykje moro. Søndagen var det aktuelle saker og årsmøte. Sjå namna på dei tillitsvalte under styre.
Varmtvannsbading i Sula, sjå eige punkt under Møre og Romsdal og finn datoane der.
Sommaravslutning på Lille Kalvøy 16. juni. Ta kontakt med Vivian (92462397) eller Rune (92245700) Akerø Svenslid dersom du vil delta. Vi legg ut meir informasjon om transport, mat, evt. overnatting, seinare.
Haustsamling 14.-16. september på Bjørnsund. Sett av helga så kjem vi tilbake med informasjon før ferien.
